gallery/årebyggekurs

Årebyggekurs 10. og 11 oktober 2020

Kurs i åremaking
Har du robåt av tre med keipar eller tollegangar, og vil lage deg skikkelege, vestlandske årar til den? Helga 10.-11. oktober 2020 samlar vi saman interesserte åremakarar på båtbyggeriet på Wærholmen i Lavik og lagar eit par årar til kvar i løpet av laurdagen og sundagen. Vi startar kurset med å slipe og setje opp høvlane vi treng, så snakkar vi om emne til årar, ulike typar, lengder og dimensjonar. Så skjer vi ut åreemna og høvlar dei til slik vi vil ha dei, og prøver dei i båt.

Vi tenkjer oss maks 8 deltakarar, og at dei som har det tek med seg gamle eller nye høvlar som kan brukast. Kursavgift kr 2.950,- som inkluderer lunsj og middag laurdag og lunsj sundag + kaffi og kaffimat innimellom. Åreemna kjem i tillegg. ( Ca. kr. 350,-)

Få plassar! Påmelding så snart som mogeleg og seinast innan 1. september 2020.

Arr: Wærholmen i samarbeid med Jensbua Kystkultursenter AS. Mulighet for overnatting.

 

gallery/Bilde 7 . Ødelagt kjølbord er fjernet

Vedlikehold trebåt - gjennomført

Vi holdt kurs i vedlikehold av trebåt i samarbeid med Jensbua kystkultursenter

 

Arrangementer

gallery/75367d5616d5f8072d0c5ca541d1f46c.lock
gallery/asset 20