gallery/wærholmen 1951

1951

Værholmen. Hovudhuset brann ned i 1951. Ukjend fotograf.

Frå midt på 1700-talet var Værholmen vest for Lavik ein av dei største handelsstadene i ytre Sogn. Handelsstaden vart bygd inne i ein lun våg. Her var også skysstasjon og gjestgiveri, og då Fylkesbaatane starta ruter på Sognefjorden i 1858, var Værholmen ein av stoppestadene. Den første som dreiv handel der var Gregorius Leisner frå 1758.

Utover 1800-talet var det mykje handelsfolk frå Bergen som dreiv i Værholmen, men frå 1883 til 1898 dreiv Christian Hansen frå Vadheim handelsstaden. Han var son til den velkjende handelsmann og hotelleigarSjur Hansen Vadem (Sjur i Veim) i Vadheim.

Handelen i Værholmen tok slutt tidleg på 1900-talet, då Fylkesbaatane flytta stoppestaden til Lavik. I 1951 brann det staselege hovudhuset med krambua ned.

                                                                                                                                     Allkunne.no

 

gallery/Agnar bygger båtbyggeri

Agnar bygger båtverksted

1961/62

 

gallery/Wærholm Båtbyggeri 1961..62

Mer historie kommer

Mer historie kommer.