Reglar for turistfiske i Noreg
Det har alltid blitt fiska mykje langs kysten av Noreg, og vi er så heldige at alle kan fiske gratis i sjøen. Men dersom komande generasjonar også skal ha denne moglegheita, må vi alle gjere ein innsats for å sikre fiskebestandane for framtida.
Derfor må utanlandske turister følgje desse reglane når dei fiskar i sjøen:
Kun bruke handhalden reiskap. Turistar har ikkje høve til å bruke garn, teiner, ruser, liner eller liknande.
Ferdast meir enn 100 meter frå nærmaste oppdrettsanlegg når ein fiskar. All båttrafikk skal skje minst 20 meter unna oppdrettsanlegg og festeanordningar.
Har ikkje lov til å selje fangsten.
Må ikkje fiske fisk under minstemål.
Kan ikkje delta i direkte fangst av kongekrabbe, men det er sett av ein kvote til bedrifter som driv turistfiske i Finnmark. Turistfiske etter kongekrabbe
Kan på visse vilkår delta i jakt på kystsel saman med ein norsk statsborgar dersom ein har godkjent skyttarlisens.
Utførsel av fisk: kvote og krav til dokumentasjon
Utførselskvoten er 20 kg for gjester ved registrerte turistfiskebedrifter, og 10 kg for alle andre. Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskebedrift når dei tar fisk ut av landet.
NB: Frå 1. januar 2021 vil det berre vere mogleg å utføre fisk dersom du har fiska og opphalde deg hos ei registrert turistfiskebedrift. Utførselskvoten vil etter dette vere 18 kilo. Du kan ta med deg utførselskvoten inntil to gongar per år.
Utførselskvote
I utgangspunktet kan den enkelte ta med seg 10 kilo, mens den som fiskar i regi av ei registrert verksemd vil kunne ta med seg inntil 20 kilo. Denne avgrensinga gjeld innanfor ein periode på 7 dagar. Den som tar med seg full kvote ved utreise frå Noreg, kan derfor ikkje ta med fisk ved ny utreise før det er gått minst 7 dagar.
Frå 1. januar 2021 vert desse reglane endra.
Du kan ikkje lenger ta med troféfisk i tillegg til utførselskvota.
Ferskvassfisk, som laks, aure og røye, kjem utanom utførselskvoten.
Krav til dokumentasjon ved utførsel av fisk
Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskeverksemd når dei tar fisk ut av landet.
Dette kravet til dokumentasjon gjeld for dei som nytter den nye utførselskvota på 20 kg. Dei som berre fører ut inntil 10 kg treng ikkje dokumentere nokon tilknyting til ei registrert verksemd.
Krava
Tolletaten vil godta faktura eller tilsvarande legitimasjonsdokument for opphaldet utskriven til namngjeven person i reisefølge eller per person. Vidare må denne legitimasjonen innehalde:
den registrerte turistfiskeverksemda sitt namn, adresse og organisasjonsnummer
namn på den eller dei som har fiska i regi av verksemda
tidsrommet for opphaldet
kor mange personar opphaldet gjeld for
Tolletaten vil også kunne akseptere ei utskrift av kva den enkelte turistfiskar har rapportert til verksemda at dei har fiska. Ei slik utskrift må angje:
verksemdas identitet
kven som har fiska
kor mykje som er fiska
Dokumentet kan skrivast ut ved heimreise, stemplast og underskrivast av verksemda.
Personane som er namngjevne på dokumentet må vere med når fisken blir ført ut av landet.